Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Søndagsmatiné på Kaffibaren: Rallarpop


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Søndagsmatiné på Kaffibaren: Rallarpop

Søndag 1. Juni vert det ein matiné-konsert på Kaffibaren på Rauland med noko som høyrast ut som ein litt uvanleg sjanger.

Rallarpop

Grove Horn er ei visegruppe med eit bein på kvar side av Kjølen – halvt svensk og halvt norsk. Gruppa syng og spelar gamle tradisjonelle viser, og repertoaret er like svensk som det er norsk. Det spenn over fleire typer, som rallarviser, sjømannsviser, skillingsviser, lofferviser, drikkeviser, sigøynersongar med meir, og gruppa sjølv kallar det rallarpop.

Gruppa, som har spelt i lag i fleire år, er opptekne av å formidle historiar i frå den folklege kulturhistoria. Mykje av repertoaret skriv seg i frå eit samarbeid med forfattar og folkeminnegranskar Thor Gotaas, som m.a. har skrive boka ”På loffen”.

 Trygve Ramnefjell, Fluberg, Norge – Vokal, fløyter, munnharpe mm

Christian Bjølseth, Oslo, Norge – Gitar, mandola, koring

Klas Anders Haglund, Arvika, Sverige – Fele, mandola, mandolin

Anders Olsson, Linköping, Sverige – Kontrabass

Det er Folkemusikkscena på Rauland som står bak konserten saman med Kaffibaren, søndag 1. juni.

1. - 2. juni 2014

man tir ons tor fre lør søn
             V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.