Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Slått og soge frå Sara Fjågesund Aase og Sigurd Telnes


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Slått og soge frå Sara Fjågesund Aase og Sigurd Telnes

Onsdag 18. mars kan ein høyre slåttespel og gode soger frå Seljord og Vest-Telemark i Årestoga på Raulandsakademiet. To formidlarar frå to generasjonar gjev oss eit innblikk i ei løynd og mystisk verd med tussar, gygrer, forsteining og bergtaking. Her er spenning, humor, dramatikk, sorg og glede.

Desse mystiske og spennande forteljingane handlar om folk frå heilt andre tider enn den me lever i no; tida stoppar opp og ein trår inn i ei anna verd. Sogene fargar også slåttane og gjev tilhøyraren ei rikare oppleving av musikken. 

Sigurd Telnes er kjend som ein svært god formidlar av sogestoff frå Seljord, og har heile sitt vaksne liv vore interessert i sogematerialet frå heimstaden. Sara Fjågesund Aase er barnebarnet til Sigurd Telnes. Ho er A-klasse-utøvar på hardingfele, og formidlar hardingfelespelet frå Seljord og Vest-Telemark. Saman er dei i gang med innspelinga av ein CD med soger og slåttar frå Seljord, med planlagt plateslepp i juni. Konserten i Årestoga vil vera ein smakebit på delar av materialet på CD-en, og det er folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten.

18. mars 2015

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.