Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Sjugurd Trio i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Sjugurd Trio i Årestoga

Onsdag 26. oktober står ein slåttekomponist frå Lom i fokus i Årestoga på Raulandakademiet, og musikarane du møter er Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde og Øyvind Sandum.

Trioen kallar seg Sjugurd Trio, og dei tre representerer toppsjiktet i den yngre generasjonen som vidarefører tradisjonsmusikk frå Lom og Nord-Gudbrandsdalen. I dette prosjektet er det fokus på musikken laga av Sjugurd Garmo (1896-1991). Musikken vart lansert på albumet «Atterljomen» våren 2016. 

Sjugurd Garmo var ein viktig personlegdom i spelmannsmiljøet i Lom i 50 år, og var ein stor nyskapar av slåttar. Musikken hans er gode og originale melodiar, som står seg godt i både solistisk spel og i samspel. Sjugurd Trio presenterer materialet ved å utnytte instrumenteringa fullt ut. Arrangementa er varierte, med alt frå enkle samspelformer som byggjer opp om melodien, til meir intrikate stemmer og harmoniar som gjev slåtten ei heilt ny drakt.

Aslak Brimi og Bjørn Kåre Odde er barnebarn av spelemenn med legendestatus i Lom: Hans W. Brimi og Bjørn Odde. Båe har markert seg i fremste rekkje innan sin tradisjon dei siste åra gjennom kappleikar, konsertar og plateproduksjonar. Øyvind Sandum er av dei beste i landet på trekkspel og toradar, og er frå Vågå i Gudbrandsdalen. Han er godt kjend med slåttemusikken til Sjugurd Garmo, og tilfører spennande arrangement og tolkingar inn i Atterljomen-konserten.

Det er Folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten.

26. oktober 2016

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.