Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > STY


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


STY

- folkemusikk og dansemoro frå Tinn og Telemark

Sesongstart for folkemusikkscena på Rauland onsdag 29. januar:  STY er ein trio som vart etablert i 2009 og består av Per Anders Buen Garnås, hardingfele, Sigbjørn Rua, dans og munnharpe og Unni Boksasp, song, zitter og dans. Alle tre utøvarane er i eliten av norske folkemusikarar og alle har vunne landskappleiken fleire gongar.

Uttrykket ”sty” er eit dialektord frå Tinn som tyder dansemoro, og det er nettopp musikken og dansen frå Tinn som dannar grunnlaget for repertoaret til Sty. Dei legg vekt på historiene rundt repertoaret dei spelar, slik det har vore vanleg i tradisjonen. Eit mål er å smelte saman dei solistiske uttrykka i samspel – utan at dei viktige særtrekka til musikken går tapt.

Per Anders Buen Garnås frå Bø i Telemark vart tidleg ein særs god spelemann med stor slåttekunne etter å ha fått lært av dei beste levande spelemenn i heimfylket. Han spelte seg opp i eliteklassa, klasse A, på Landskappleiken i 1999, som ein av dei yngste nokon sinne, og vann denne i 2003 og i 2010.

Unni Boksasp er folkesongar frå Nordmøre, no busett i Tinn i Telemark. Si formelle utdanning har ho frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og frå Høgskolen i Telemark på Rauland. I tillegg har ho gått i lære hjå fleire av dei fremste folkesongarane i Skandinavia.

Ilag med sitt eige Unni Boksasp Ensemble har ho gjeve ut fleire prisløna plater med både tradisjonell og nykomponert folkemusikk. Ensemblet har vunne både Spellemannspris og Folkelarmprisar for platene sine.

Sigbjørn Rua frå Jondalen høyrer til toppsjiktet av folkedansarar i Noreg. Læremeistrane har vore Robert Dokken, Karin Brennesvik og Hellik Dokka. Han har gått til topps i lausdans under Landskappleiken sju gongar, og dansar for dansekompaniet FRIKAR. Sigeren i Melodi Grand Prix i 2009  ilag med Alexander Rybak, der Sigbjørn var ein av dansarane, er eitt av høgdepunkta i dansekarrieren.

Konserten er i Vinjesalen på Raulandsakademiet.

29. - 30. januar 2014

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.