Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Revolver i Årestoga: Folkemusikk møter rock


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Revolver i Årestoga: Folkemusikk møter rock

Meir trøkk og volum i Årestoga enn det som vanleg er fredag 5. juni: Daniel Sandén-Warg og Anders Røine utgjer duoen «Revolver».

Tid: 20.00.  Inngang: 200,-

Dei vaks begge opp som rockemusikarar, men er i dag av dei mest profilerte folkemusikarane i Noreg. Dei er kjende frå konsert- og kappleikscena og frå samarbeid med artistar som Odd Nordstoga og Little Steven. I Revolver møtas ulike musikalske univers: Hardingfele, langeleik, moraharpe og munnharpe spelt med folkemusikkens intensitet og med rockens lydstyrke, og med eit lite snev av vest-Afrikansk strengespel. Røtene ligg likevel i tradisjonsspelet frå Setesdal og Valdres.

Dei gjer bruk av dei tradisjonelle instrumenta og all råheita som ligg der frå gamalt av i rytme og tonalitet, men i ei formidlingsform tilpassa dagens festival- og klubbscener, og med nye tekstar av Anders Røine. Revolver er to musikarar framfor kvart sitt forsterkaranlegg. Ut kjem kompromisslaus musikk med særpreg og kraft. Her er det duka for både headbanging og tvitrøing…

Konserten arrangeres av Folkemusikkscena på Rauland i samband med avslutningshelga for folkekulturstudia.

5. juni 2015

man tir ons tor fre lør søn
         V    


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.