Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Rauland Internasjonale Vinterfestival


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Rauland Internasjonale Vinterfestival

Velkommen til Rauland Internasjonale Vinterfestival 
11.-15. februar 2015

Tid

11. - 15. februar 2015. Se program (åpnes i nytt vindu)

Artistene

Å nemne ein svensk folkemusikktrio for verdsstjerner er kan hende noko i overkant, men når det gjeld Lena Willemark, Ale Möller och Per Gudmundson som til saman utgjer Frifot, ligg påstanden faktisk innafor grensene av det rimelege. Frifot har ein særskild posisjon på den nordiske folkemusikkscenen, og høyrer til dei som held seg i det meir tradisjonelle landskapet. Alle tre er djupt rotfeste i tradisjonen, og alle har dei eit ynskje om å omsetje kunnskapane sine i notida ved å gjera musikken tilgjengeleg for publikum av i dag.

Frifot har reist over store delar av verda: I Skandinavia sjølvsagt og så vidare i Slovakia, Polen, England, Tyskland, Italia, Spania, Belgia, Nederland, Portugal, Austerrike, USA, India og Japan.

Per Gudmundson er ein av Sveriges mest respekterte og anerkjende spelemenn, heimehøyrande i dei sterke tradisjonane frå Rättvik. Briljant, kraftfullt og lyrisk er ord som vert tatt i bruk når Per skal skildrast som felespelar. Han fekk det ærefulle Zornmerket i gull i 2006.

Ale Möller er multimusikar, men er kan hende fyrst og fremst kjend for sitt innovative mandolaspel. Han må finne seg i å ha mykje av skulda for korleis gitar-, mandola og andre strengeinstrument vert spela i den nordiske folkemusikken i dag. Han er òg ein framifrå fløytespelar, som ikkje går av vegen for å leike med musikk frå andre sjangrar og verdshjørner.

Lena Willemark er ein av dei fremste svenske songarane, med røter i Älvdalen i Dalarna. Ho har eit personleg uttrykk som ikkje let seg styre av sjangeretikettar. Mange i den unge generasjonen av songarar i Sverige i dag har Willemark som leiestjerne og førebilete. I tillegg er ho høgst kapabel på "fiol".

Institutt for folkekultur har fleire velfungerande utvekslingsavtalar med universitet i utlandet. Blant samarbeidsveteranane er Liszt-akademiet i Budapest, ein kjend og respektert utdanningsinstitusjon innafor europeisk musikkutdanning. Ved folkmusikkavdelinga der arbeider felespelemannen András Jánosi, ein gamal kjenning frå tidlegare festivalar i Rauland. Han var ein viktig del av miljøet som grunnla den ungarske dansehusrørsla og er stadig aktiv utøvar med gruppa si, Jánosi együttes. Han er tidlegare Raulandsstudent, med mastergrad i tradisjonskunst herifrå.

Med seg frå Liszt-akademiet har András Jánosi kollega og bratsjist Péter Attila Árendás og studentane Ádám Kiss Balbinat og Márton Timár.

Les mer (åpnes i nytt vindu)

Billettar

Billettar under Vinterfestivalen

Kurs/Workshop folkemusikk (3 dagar) kr 750
Kurs/Workshop folkemusikk, stykkpris kr 200
Felestell - Arne Jordan kr 100
Verkstad folkekunst (3 dagar) kr 750 + materialkostnader
Festivalpass for studentar frå andre studiestader for heile festivalen. Inkluderar alle workshops, pub, konsertar. kr 900
Onsdag 11. feb
Ungarsk folkemusikk med András Jánosi m.f. Lærarar frå instituttet
kr 150 (studentar gratis)
Torsdag 12. feb
RIM på Kaffibaren i Rauland sentrum
kr 200 (kr 100 studentar)
Fredag 13. feb, kl 15:00 - 16:45
Viseverkstad og konsert med Jarnfrid Kjøk
Grotten, Raulandsakademiet.
kr 150 (kr 50 studentar) – inkludert konserten i Grotten kl 17:00
Fredag 13. feb, kl 17:00
Konsert "Tett på"
Ingeleiv Kjerland Kvammen, med Siri Dyvik og Arne Jordan, i samtale med Leiv Solberg.
Grotten, Raulandsakademiet.
kr 150 (kr 50 studentar) – inkludert viseverkstad - konsert i Grotten kl 15:00
Fredag 13. feb, kl 20:00
Konsert med FRIFOT i Vinjesalen, Raulandsakademiet. 
Spel og dans etter konserten.
kr 300 (kr 150 studentar)
Laurdag 14. feb
Felleskonsert
Vinjesalen, Raulandsakademiet
kr 250 (kr 100 sudentar)
Sundag 15. feb
BLÅSANG - Anne Gravir Klykken og Frøydis Grorud
Skinnarlandsamlinga
kr 250 (kr 100 sudentar)

Kontakt/påmelding

Bodil Akselvoll  Tlf. 35 95 29 05   Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no <bodil.akselvollSPAMFILTER@hit.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)  eller

Anne Margit Barstad  Tlf. 35 95 29 00   Anne.M.BarstadSPAMFILTER@hit.no <anne.m.barstadSPAMFILTER@hit.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Høgskolen i Telemark
Institutt for folkekultur
3864 Rauland

Telefon 35 95 29 00
Faks 35 95 29 01
Epost  raulandSPAMFILTER@hit.no <raulandSPAMFILTER@hit.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Webmaster, Rauland internasjonale vinterfestival:  Rudolf Camerer <rudolf.camererSPAMFILTER@hit.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

 

Overnatting

Under Vinterfestivalen i Rauland kan du overnatte og få mat på Raulandsakademiet, der du kan bu på fine, nyoppussa rom med plass til ein eller to. Då bur du midt i smørøyet, der kursa og aktivitetane er samla, og kan gå tørrskodd mellom dei ulike arenaene.

Overnatting med frukost, kr 790 for enkeltrom og kr 990 for tomannsrom.

Salg av mat og drikke - også for dei som ikkje bur her.

Raulandsakademiet as
3864 Rauland
www.raulandsakademiet.no
epost:  postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no <postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
sms : 46 91 36 62
tlf : 35 07 32 92

 

Andre muligheter:

visitrauland.no

Rauland høgfjellshotel (15 min. kjøring), tlf 993 59 000

Vær tidlig ute med å bestille rom/hytte - det er vinterferietid!

man tir ons tor fre lør søn
             


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.