Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Ottar med ny Jon Kjos-CD


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Ottar med ny Jon Kjos-CD

I forkant av Vinterkappleiken laurdag 20. februar i Vinjesalen på Raulandsakademiet, vil meisterspelemann og felemakar Ottar Kåsa presentere sin nye CD med slåttar etter Jon Kjos (1756-1826) frå Åmotsdal med ein konsert.

Jon Kjos er av dei fyrste storspelemenn me kjenner frå Telemark, og han står som ein av dei mest sentrale skikkelsane i hardingfeletradisjonen i det heile. Han har utan tvil vore ein av dei som har utvikla slåttemusikken til ein rikare og meir innfløkt musikk. I tillegg har han vore viktig som læremeistar for den generasjonen spelemenn som kom etter han, og som førde felespelet i Telemark inn i den blomstringstida som kom utover 1800-talet, ikkje minst Myllarguten.

Jon Kjos stod ikkje åleine i dette musikalske landskapet, men tradisjonen bakanfor er lite kjend. Med denne cd-utgjevinga håpar Ottar å kunne vise fram noko av den rikdomen Jon Kjos har etterlete seg som stilskapar og slåttediktar på hardingfela.

Ottar Kåsa er A-klassespelemann og har vunne Landskappleiken fleire gonger. Den førre CD’en han gav ut, fekk spelemannspris.

Konserten er ein del av Rauland Internasjonale Vinterfestival og er i regi av Folkemusikkscena på Rauland.

20. februar 2016

man tir ons tor fre lør søn
           V  


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.