Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Norsk-skotsk på Kaffibaren: Boreas


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Norsk-skotsk på Kaffibaren: Boreas

«Ein ung frisk kvartett, forlokkande og nyskapande» skriv Sunday Mail i Skottland om gruppa Boreas som kan høyrast på Kafffibaren på Rauland onsdag 13. mai.

Boreas tyder noko slikt som «kald nordavind», men trass i namnet er dette musikk som varmar publikum. Gruppa er ei musikalsk samansmelting mellom Skottland og Noreg. Dei oppstod i 2006 etter eit musikalsk møte mellom hardingfelespelaren Britt Pernille Frøholm frå Hornindal og felespelar og songar Lori Watson frå Skottland. Gruppa har etterkvart vorte ein sofistikert folkemusikkvartett der tradisjonelle og nykomponerte slåttar frå Noreg og Skottland møtest i finurlege, leikne og fengjande arrangement som framhevar både musikalsk fellesskap og ulikskap. Dei har turnért både i Noreg og Skottland fleire gonger, og er våren 2015 klar med si første plate.

Boreas er:

-Britt Pernille Frøholm, hardingfele

-Irene Tillung , trekkspel

-Lori Watson, fele og song.

-Rachel Newton, harpe og song

Det er folkemusikkscena på Rauland som arrangerar konserten i lag med Kaffibaren.

Onsdag 13. mai kl. 20.00 - Inngang kr. 200,- (100,- for studenter)

Velkommen!

13. mai 2015

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.