Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Martinnitus i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Martinnitus i Årestoga

Onsdag 20. september kl. 20.00 spelar bandet Martinnitus i Årestoga på Raulandsakademiet. Bandet er sett saman av tre godt vaksne karar som har høyrt mykje gjennom eit langt musikarliv. Mellom anna slåttane etter spelemannen Martinus Amundsen frå Elverum, som gruppa har namnet frå. 

Mats Berglund lærde seg låtar alt som sju-åring frå meisterspelemannen Ola Jonasson frå Hotagen i nordvestre Jämtland. Der fekk Mats Lapp-Nilspolskor som han igjen hadde etter morfaren Erik Larsa. På 1970-talet gjekk Mats djupt inn i musikk frå grenselandet Värmland – Norge, der han fann spelemannen Johan Hollseter i Flendalen, Trysil. Der lærte Mats eit stort repertoar av runnom, den lokale nemninga for pols på dei kantar. Når Mats ikkje er ute og spelar, underviser han på musikkhøgskolen Ingesund i Arvika samstundes som han er masterstudent på Rauland.

Tellef Kvifte spelar fløyte, orgel og sax i Martinnitusbandet. Som musikar er han oppteken av tradisjonell norsk folkemusikk, frijazz og mykje anna, og liker godt å jobbe somm musikkprodusent når han ikkje speler eller underviser ved Institutt for  folkekultur og folkemusikk. Han lærde å spele litt piano av storebror som fire-åring; har sidan lært klarinett, sax og hardingfele av mange ulike kjelder, samt ein del instrument han stadig forsøker å lære seg sjølv.

Leiv Solberg er multiinstrumentalist og programleiar på radio med folkemusikk som spesialfelt. På oppdrag med Martinnitus band er det vesentleg gitar og mandola som ligg bak i bilen, men klangpreferansane er stadig i endring. Ikkje godt å seie kva som hender på neste spelejobb med Martinnitus band.

Det er folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten.

man tir ons tor fre lør søn
             


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.