Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Kveding, spel og harpeklang på Kaffibaren


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Kveding, spel og harpeklang på Kaffibaren

Bli med i ei mellomaldersk verd, med riddarar, møyar, draumetydingar, havfolk og dramatikk. Ein får møte kveding, hardingfelespel og harpespel i solo og samspel. Onsdag 14. mai i Kaffibaren.

Musikken har alltid vore med meg, og eg elskar å dele den med publikum, seier kvedaren og hardingfelespelaren frå Hardanger, Lajla Renate Buer Storli. Saman med harpe- og lyrespelar Stein Villa vert ho å høyre på Kaffibaren på Rauland onsdag 14. mai. 

Lajla Renate har gjennom fleire år sett seg inn i kveding og spel frå Hardanger og Voss som ikkje lenger er i bruk. Innsamlaren Olav Sande fann mykje stoff i området for om lag hundre år sidan, men nedskriftene har vore lite påakta. Men i fjor fekk Lajla Renate fleire ukjende balladar i frå samlingane fram att i ljoset med plata «Møya som drøymde». Ho har óg fordjupa seg i slåttar frå Hardanger som sjeldan vert spelt i dag.

Konserten er eit samarbeid mellom Folkeakademiet Rauland, Folkemusikkscena på Rauland og Kaffibaren.

14. - 15. mai 2014

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.