Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Kvedarkvintetten til Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Kvedarkvintetten til Årestoga

Folkemusikkscena på Rauland inviterer til konsert onsdag 27. april kl. 20.00. 200,- /100,

Onsdag 27. står song og kveding i sentrum i Årestoga på Raulandakademiet. Då vert det eit møte med Kvedarkvintetten frå Hallingdal. Med eit fokus på den vokale folkemusikktradisjonen i Hallingdal, byr den unge kvintetten på ein variert konsert.

Det blir servert alt frå fartsfylte songar til fleirstemte lyriske viser og unison slåttetralling, det som i Hallingdal blir kalla å «låte på kjafte’».

Kvedarkvintetten består av fem songarar frå den vesle bygda Torpo i Hallingdal. Dei har vokse opp i eit tradisjonsrikt miljø, og er to + tre systrer; Silje og Tonje Risdal Liahagen, og Helga, Sina og Margit Myhr. Den eldste var 9 år og den yngste 3 då dei møtte kvarandre for fyrste gong på kvedarundervisninga til Gunnlaug Lien Myhr i heimbygda. Her la dei grunnlaget for det som seinare skulle bli ei felles brennande interesse for den vokale folkemusikken og for a capella song i fleirstemte arrangement. I haust tok dei steget inn i studio, og 13. februar i år kom debutalbumet, som sjølsagt heiter «Kvedarkvintetten.

Det er Folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten.

27. april 2016

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.