Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Kraftfullt frå Quebec i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Kraftfullt frå Quebec i Årestoga

Tysdag 1. april – og det er ikkje ein aprilspøk – kjem det storfint besøk til Årestoga på Raulandsakademiet.

Trioen DE TEMPS ANTAN frå Quebec i Canada har lagt bak seg 500 konsertar på musikkscener over heile verda, og no i vår er dei på Europaturné. Ikkje mange stader i Noreg får oppleve dei, men sjølsagt legg dei vegen om Rauland!

Folkemusikken i Quebec spring ut av fransk songtradisjon med sterk påverknad frå keltisk instrumentalmusikk, særleg irsk og skotsk. De Temps Antan vert presentert som ein eksplosjon av fele, durspel, song, gitar, bouzouki og ikkje minst avansert tramping, noko som er ein spesialitet i fransk-kanadisk tradisjon.

Med tradisjonelle songar, jig’ar og reel som basis tek dei musikken til nye høgder gjennom eit kraftfullt samspel. Howard Reich i Chicago Tribune skildrar det slik: «The trio more often sounded like a sextet or something larger. Multiple lines intertwined when De Temp Antan was playing at full tilt, yet the clarity and coherance of the music was inarguable.»

De Temps Antan, som har spela inn to album og vore nominert til høgthengande prisar i Canada, er André Brunet, Éric Beadry og Pierre-Luc Dupuis.

Det er folkemusikkscena på Rauland som arrangerar konserten.

Se en smakebit her:

 

1. - 2. april 2014

man tir ons tor fre lør søn
   V          


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.