Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Konsert i Vinjesalen, «Ei raud rose til Rauland»


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Konsert i Vinjesalen, «Ei raud rose til Rauland»

Robert Burns levde på slutten av 1700-talet, men er framleis ein av dei mest elska songpoetane i verda. No har den fargerike musikaren og musikkmakaren Gabriel Fliflet dikta heilt nye tonar til mange av Burns sine songar, i fabelaktig omsetjing til norsk av Johannes Gjerdåker. Tingingsverket kan du høyre og sjå i Vinjesalen på Raulandsakademiet onsdag 6. april kl. 20.00.

Her kan du møte nokre av våre beste folkemusikarar: Kvedardronninga Kirsten Bråten Berg er hovedvokalist i Rose, medan Anders Røine og Gabriel Fliflet spelar ei rekkje instrument - og syng, dei òg. Arrangør av Det nykomponerte verket, eit tingingsverk til Vossajazz 2016, har fått namnet Rose etter A Red, Red Rose – den mest kjende songen til Burns ved sida av Auld Lang Syne. 

I Rose får du høyra mange vakre kjærleikssongar, til tonefølgje av langeleik og piano eller kanskje munnharpe og fele - men òg burleske og viltre viser med svingande gitar og pumpande trekkspel! Med utgangspunkt i danserytmar som gangar, vals, springar og reinlendar vil grunntonen kvila i norske tradisjonar. Klangar og tonesprang frå fjernare himmelstrøk vil nok likevel òg trenga seg på. «Melodiøst, men uventa» er Gabriel Fliflet sitt ideal. 

Gabriel Fliflet har tidlegare laga ei rekkje tingingsverk, m.a. Åresong saman med Jon Fosse, som fekk ei begeistra mottaking frå publikum og kritikarar (Festspillene i Bergen 2010).

Kirsten Bråten Berg er ein stor tradisjonsbærar og ein nestor i norsk folkesong, som har tatt vokalmusikken frå Setsdal ut til eit stort publikum. Banebrytande samarbeid med norske folkemusikarar og musikarar innan andre sjangrar, m.a. Arild Andersen, Nana Vasconselos og Marylin Mazur. Kirsten Bråten Berg er statsstipendiat og riddar av St. Olavs orden 1.kl.

Anders Røine er ein nyskapande, folkemusikalsk multimusikar. Har vunne landskappleiken fem gonger på munnharpe. Spelar òg m.a. langeleik, bandlaus banjo, fele og hardingfele, gitar. Anders Røine er òg vokalist, instrumentutviklar og den eine halvdelen av kritikerroste Sudan Dudan. Samarbeid med m.a. Odd Nordstoga, Valkyrien Allstars, Steve van Zandt, Sigrid Moldestad.

Gabriel Fliflet er ein fargerik musikar og komponist med trekkspel som hovedinstrument og med lang fartstid i ei rekkje ulike former for folkemusikk. Han vart kåra til Årets folkemusiker i 2011. Fliflet har spelt i lag med markante norske folkemusikarar som Berit Opheim, Gjermund Larsen og Odd Nordstoga. Fliflet har òg spelt balkanmusikk i mang slags former, m.a. med danske blåsaren Peter Bastian og sidan 1991 med trommeslagaren Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre.

Vinjesalen på Raulandsakademiet - 6. april kl. 20.00

6. april 2016

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.