Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Kevin Henderson og Mattias Pérez i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Kevin Henderson og Mattias Pérez i Årestoga

Haustsesongen ved Folkemusikkscena opnar med ein fartsfylt duo: Kevin Henderson frå Shetland og svenske Mattias Pérez.

Felemusikken frå Shetland er særeigen og energisk, og shetlendere sjølv er ofte opptatte av dei sterke banda til Noreg. Kevin Henderson har forlate det tradisjonsrike øyriket i vest til fordel for Kragerø i Telemark, men som felespelar har han heile verda som scene, sidan han er med i fleire høgt profilerte grupper rundt om; Fiddlers’ Bid frå Shetland, irsk-skotske Boys of the Lough, Session A9, The Nordic Fiddlers Bloc og endå fleire. Han fekk mykje ros for sitt fyrste soloalbum “Fin Da Laand Ageen” i 2011. 

Gitar- og mandolaspelar Mattias Pérez er i dag ettertrakta som musikar. Hans kjenslevare og innovative gitarspel kan i dag høyrast på meir enn 20 plater og han har vore med på ei rekkje konsert- og teaterproduksjonar i fleire land. Han er óg pedagog og underviser m.a. på Universitetet i Gøteborg. Saman tek Kevin og Mattias dei shetlandske slåttane til nye høgder... 

Folkemusikkscena på Rauland er ti år i 2014, og haustprogrammet i jubileumsåret kan by på fleire godbitar; mellom anna kjem Fliflet og Hamres energiforsyning trufast attende sist i september, gruppa «Ugagn» kjem i oktober, og i starten på november vi vil få reprise på fyrste konserten scena sto for med hardingfeletrioen Knut Hamre, Håkon Høgemo og Leif Rygg. Til «Viser i sentrum» i november, der Folkemusikkscena er medarrangør, kjem m.a. visesongaren Lars Klevstrand.

Mykje å gle seg til!

17. september 2014

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.