Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Hazelius / Hedin i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Hazelius / Hedin i Årestoga

Onsdag 25. september ligg det an til eit musikalsk høgdepunkt på Rauland denne hausten!

Kl: 19:30

Onsdag 25. september ligg det an til eit musikalsk høgdepunkt på Rauland denne hausten: Endeleg kjem ein av Sveriges «hottaste» duoar til Årestoga på Raulandsakademiet. Esbjörn Hazelius og Johan Hedin syng og spelar nyckelharpe, gitar og andre strengeinstrument, og det med ei nerve som rører ved dei fleste. «Där stod två fantastiskt skickliga musiker som lekande lätt var mästare på sina instrument och fick det att låta stort» skriv ein svensk musikkanmeldar etter ein konsert…  

Hazelius / Hedin er til stades i musikken – dei har gjort den svenske folkemusikken til sin eigen. Både Esbjörn og Johan vaks opp sør i Sverige, men dei finn repertoar over heile nabolandet vårt; middelalderballadar, sjømannsviser, songar om kjærleik og instrumentale danseslåttar. Dei arrangerar musikken med varsemd, noko er inspirera av irsk tradisjon, og dei er heile tida på leit etter nye instrumentelle harmoniar.

Det er Folkemusikkscena på Rauland som arrangerar konserten.

25. - 26. september 2013

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.