Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Hardingfele og nyckelharpe i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Hardingfele og nyckelharpe i Årestoga

Onsdag 27. januar kan du oppleve eit uvanleg og inspirert samarbeid mellom ein svensk og ein norsk folkemusikar i Årestoga på Raulandsakademiet. Erik Rydvall, nyckelharpe, og hardingfelespelemann Olav Luksengård Mjelva er båe blant dei fremste folkemusikarane i sin generasjon. To nyfikne musikarar, med godt rotfeste i tradisjonane dei kjem frå.

Slåttetilfang og spelestil på dei to instrumenta skil seg i utgangspunktet mykje frå kvarandre, men dei to musikarane får kombinasjonen til å låte både naturleg og spanande. Musikken er både stemningsfull, eggjande og dansbar. Samspelet slær det gneistar av! Debutalbumet «Isbrytaren» (Heilo) blei utgjeve i 2013. Kritikkane var svært gode, og utgjevinga vann den norske folkelarmprisen i klassa for «tradisjonelt samspel» og «Årets utgåva» under Folk- og värdsmusikgalaen i Umeå 2014.

Den var òg nominert til spelemannspris. Erik Rydvall kjem frå Västerbotten og har studert nyckelharpespel ved Eric Sahlströms Institutet i Tobo og Den Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Dei siste åra har han blitt sett på som ein av dei fremste, unge utøvarane på nyckelharpa, med ein spelestil prega av både energi og virituositet.

Olav Luksengård Mjelva er frå Røros, men, som mellomnamnet ymtar om, med familiebakgrunn frå Hallingdal. Han ein av dei mest aktive felespelarane i landet, og under Folkelarm i 2013 blei han kåra til "årets norske folkemusikar". I 2010 fekk Olav Spelemannprisen for den fyrste soloplata si. I 2011 fekk han prisen som medlem i Unni Boksasp Ensemble. Olav er mye bruka som studiomusikar, kurshaldar og dansemusikar i både Noreg og utlandet.

Konserten er i regi av Folkemusikkscena på Rauland.

27. januar 2016

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.