Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Godsruta i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Godsruta i Årestoga

«GODSRUTA» stoppar ved Årestoga på Raulandsakademiet onsdag 25. november! Folkemusikkscena på Rauland sett strek for haustsesongen med musikk frå Hallingdal.

I spissen for ensemblet står hemsedølen Arne Anderdal.

Namnet på gruppa, «Godsruta», er inspirert av spelemannen Trond Wøllo, som i ei årrekkje var sjåfør på godsruta mellom Hemsedal og Gol. Mannskapet denne gongen er Arne sjølv på hardingfele, Anders Hall, bratsj og hardingfele, Erlend Styve, bass og gitarar og Leif Ingvar Ranøien på toradar.

Musikken vert presentert for det meste i samspel, men òg som solo. Godsruta spelar tradisjonsmusikk frå Hemsedal og Hallingdal med bakgrunn i eit repertoar Arne Anderdal har fanga opp gjennom mange år. Spelemannslaget i Hemsedal har vore ei viktig kjelde for Arne, og særleg Knut Fausko nemnast som inspirator.

«Godsruta» heitte òg plata som Arne med sine menn ga ut i 2012, ei utgjeving som resultera i Folkelarmprisen i klassa «tradisjonelt samspel». Han har elles jobba mykje med dansespel og spelt for mange gode dansarar på kurs og kappleik.

Arne Anderdal tok sin mastergrad på Rauland i 2014, og er i dag busett på Voss der han arbeidar ved Ole Bull Akademiet.

25. november 2015

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.