Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Gjensyn med meisterspelemenn i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Gjensyn med meisterspelemenn i Årestoga

Onsdag 5. november får Rauland besøk av tre meisterspelemenn på hardingfele, nemlig Leif Rygg, Knut Hamre og Håkon Høgemo. 

Konserten markerar eit jubileum, for då Folkemusikkscena på Rauland starta opp for ti år sidan, var det same trioen som sto for fyrste konserten. Dei tre veteranane frå Vestlandet kan sjå attende på ei lang rekke kappleikstriumfar, konsertturnear og CD-utgjevingar, men er framleis i god spelform.

Leif Rygg har hatt Sigbjørn B. Osa, Lars Skjervheim og Anders Kjerland som læremeistrar og fått overlevert det meste av speltradisjonar på Voss frå desse. Knut Hamre ber den rike speltradisjonen i Hardanger vidare etter Haldor Meland og Anders Kjerland, medan Håkon Høgemo har tradisjonar frå Sogn og Voss. Han har hatt den kjende spelemannen Lars Skjervheim som læremeistar. Alle tre har ført spelet vidare til ei lang rekke unge, profilerte spelemenn- og kvinner gjennom pedagogisk verksemd over fleire tiår.

Alt skulle ligge til rette for ei fin konsertoppleving i Årestoga på Raulandsakademiet. 

5. november 2014

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.