Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Gammalgrass på Kaffibaren


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Gammalgrass på Kaffibaren

Haustsesongen ved Folkemusikkscena på Rauland opnar med ein smell: Gruppa “Gammalgrass” med trekkspelar Stian Carstensen, felespelar Ola Kvernberg og bassisten Ole Morten Vågan  kjem til Kaffibaren på Rauland torsdag 20. august.

Som ein kan lese ut av namnet, meiner trioen dei spelar noko som ligg ein stad mellom gammaldans og bluegrass. 

Samstundes vil dei syne at det er rom for meir improvisasjon i norsk folkemusikk. Og når dei gjer det, hiv dei alt dei kjem over i gryta og rørar rundt, til tider i rasande tempo. Heldigvis har me å gjere med meisterkokkar. Dei tre musikarane er høgt profilerte kvar for seg innan fleire sjangrar, og har medverka på innpå eit tresifra antall plater og innspelingar i inn- og utland i tillegg til eigne produksjonar.

Multiinstrumentalisten Stian Carstensen, med sjangeroverskridande fingerferdigheit som varemerke, er frå Eidsvoll og er kjend frå gruppa Farmers Market og frå samarbeid med fleire artistar som Frode Alnæs, Arild Andersen, Jimmy Rosenberg og Elias Akselsen. Han har elles gjort djupdykk i bulgarsk folkemusikk. Ola Kvernberg har folkemusikalske røter i Romsdal, men starta med klassisk fiolinopplæring i 6-årsalderen. Då han så ti år seinare fekk høyre Svend Asmussen og Stefan Grapelli, vart interessa for jazzen vekt for alvor. Snart kom han i kontakt med Hot Club de Norvege, og i dag må han reknast heilt i toppen som jazzfiolinist her til lands. Han kan skilte med både spelemannspris og Amandapris. Ole Morten Vågan frå Brønnøysund har óg jazzbakgrunn, og kan syne til samarbeid med Terje Rypdal, Nils Petter Molvær, Bugge Wesseltoft og ei rad fleire kjende musikarar. Han har motteke fleire prisar, mellom anna som komponist.

Ein kan love suveren kontroll på fingrar og instrument blanda med ein god porsjon humor og noko galskap denne kvelden på Kaffibaren.

20. august 2015

man tir ons tor fre lør søn
       V      


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.