Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Folkemusikkscena på Rauland hausten 2013


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Folkemusikkscena på Rauland hausten 2013

I haust vil det bli mykje sang og morro!

Haustsesongen for Folkemusikkscena på Rauland står for døra, og me kan love ein folkemusikkhaust med variasjon, kvalitet og mykje musikkglede. Dei fleste konsertane er lagt til Årestoga på Raulandsakademiet, og desse kveldane er eit fint kulturtilbod både til studentane ved høgskulen og til bygdefolket.

 

Onsdag 28. august kl. 20.00, Årestoga

Storm Weather Shanty Choir

Bakoversveis med saltsprut i håret – det er resultatet om ein sit på fyrste rad når dei seks gutane frå Stord med sjantimannen Håkon Vatle i spissen dreg i gang. Sjømannsviser, sjantiar og allsong er gruppa sitt varemerke. Bak seg har dei 5 plateutgjevingar, den siste, «A drop of Nelson’s blood» kom i fjor haust og denne hausten turnerar gruppa i Japan – men fyrst kjem dei til Rauland og Årestoga. Ta på sydvesten og syng med!

Onsdag 25. september kl. 20.00, Årestoga

Hazelius / Hedin

Endeleg kjem ein av Sveriges «hottaste» duoar til Rauland. Esbjörn Hazelius og Johan Hedin syng og spelar nyckelharpe, gitar og andre strengeinstrument, og det med ei nerve som rører ved dei fleste. Dei er til stades i musikken – dei har gjort den svenske folkemusikken til sin eigen. Både Esbjörn og Johan vaks opp sør i Sverige, men dei finn repertoar over heile nabolandet vårt; middelalderballadar, sjømannsviser, songar om kjærleik og instrumentale danseslåttar. Dei arrangerar musikken med varsemd, noko er inspirera av irsk tradisjon, og dei er heile tida på leit etter nye instrumentelle harmoniar.

Torsdag 17. oktober kl. 20.00, Årestoga

Valseria (Gabriel Fliflet m.fl.)

Gabriel Fliflet er godt kjend på Rauland, og særleg gjennom samarbeidet med trommis Ole Hamre. Denne gongen har Gabriel med seg andre usedvanleg kompetente musikarar, og musikken dei spelar er opprinneleg eit tingingsverk til Vossajazz kalt «Valseria». Her har den gode Gabriel utforska og leika med valsen på alle moglege og umogle måtar. Komponisten sjølv har sagt:”Siden Valseland er et vennlig land kommer jeg også til å invitere inn melodier i 2/4, 4/4, 5/4 og 7/8 og av ulike tempi. Kontraster må til!” Verket har tekstar av Einar Økland, Kjartan Fløgstad og Gabriel Fliflet. Publikum vil få oppleva valsar om kjærlege sommaraugneblikk, kyrkjegardar, krølling av tær – og saltstenkte svaberg. Bruremarsjar, latinorytmar og rumensk-rytmisk string-swing vil skjerpa sansane ytterlegare!

Onsdag 13. november kl. 20.00, Årestoga

Sudan Dudan

Marit Karlberg og Anders Røine kjem attende til Rauland med sin særmerkte klang.  Den old-time inspirerte duoen med røtar i Valdres feirer 10 år med å spele inn ny plate i haust. Med skillingsviser, skjemteballadar, slåttestev og bånsullar på programmet presenterer dei ymse arrangement for song og strengeinstrument, nokre av dei improviserte. Marit Karlberg akkompagnerer sin eigen song med langeleikspel, medan Anders Erik Røine trakterar gitar, fele, munnharpe, banjo og mandolin i tillegg til song.

Fredag 22.- laurdag 23. november, Kaffibaren /Rauland Kunstforening

Viser i sentrum

Ymse krefter drog i lag i fjor, og resultatet var nyskapingen «Viser i sentrum», ein minifestival med visesong på mange vis gjennom konsertar, kurs og sosialt samvær. Denne helga i november vert det song i sentrum på nytt med både lokale artistar og utøvarar utanfrå. 



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.