Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Felespel frå Røros i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Felespel frå Røros i Årestoga

Onsdag 5. mars kan ein høyre duoen Morken/Nyrønning i Årestoga på Raulandsakademiet.

Dei to har spelt saman i mange år. John Ole Morken og Jørgen Nyrønning er begge frå Ålen iRørosdistriktet, og dei er oppvaksen med ein levande feletradisjon. Jørgen var John Oles elev,og i læretida utvikla dei eit nært og sterkt samspel.

Sidan har dei spelt mykje saman, både på konsertar, dansespeling, cd-innspelingar ogkappleikar. John Ole Morken har musikkutdanning frå NTNU i Trondheim, og Ole BullAkademiet på Voss. Han ble nominert til spelemannspris for sin fyrste plate i 2007. I 2012medveka han i operaen «Den fjerde nattevakt» ved Den Norske Opera og Ballett. John Oleer ein mykje brukt pedagog ved Ole Bull Akademiet på Voss, og er ein populær pedagog vedkurs og seminar i folkemusikkmiljøet. Jørgen Nyrønning går siste året på spelemannsskulenpå Ole Bull Akademiet og har teke utdanning ved Høgskulen i Telemark. Jørgen var tidlig utesom kappleikspellmann og har hatt mange gode plasseringer. På Landskappleiken i Seljord i2011, spilte Jørgen seg opp i A-klassen. Jørgen ga ut si fyrste soloplate i 2013.

Samspelet deira kan beskrivast som impulsivt og direkte. Dansespel og driv er noko dei leggvekt på. Rørosmusikken kan beskrivast som ein rytmisk musikk. Melankolien er kanskje ikkjedet som man først høyrer, men bak tonane ligg ein klangbotnen som fortel om ein kjærleiktil musikken. Forfattaren Johan Falkberget skrev følgjande i «Den fjerde nattevakt»: Tonensprang han til hjertet. Han var spillemann og smed; stålet og jernet og felen, og Hyttelven omvåren, alt hadde den samme sangen.

På konserten vil publikum få høyre slåttar i solo og samspel etter dei mest kjendespelemennene frå Rørosdistriktet, Stigers-Anders, Sulhusgubben, Jørgen Wehn, Smed-Jens.Stigers-Jørn med fleire.

Det er folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.