Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > FLIFLET/HAMRE i Årestoga!


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


FLIFLET/HAMRE i Årestoga!

Har du trong til påfyll av energi, bør du finne vegen til Årestoga på Raulandsakademiet tysdag 30. september. Fliflet/Hamre er eit orkester som er noko for seg sjøl. 

Med trekkspel og trommesett attåt song, melodika og gryter, har Gabriel Fliflet og Ole Hamre skapt en heilt eigen stil som har begeistra både publikum og kritikarar i lang tid. Dei har vore på Rauland fleire gonger før, alltid med stor suksess. Dei har spelt med andre artistar som Odd Nordstoga, Kari Bremnes, Jan Eggum, Annbjørg Lien, Frode Alnæs og den danske multimusikeren Peter Bastian. Dei har stått på programmet til eit 20-tals festivalar. Repertoaret byggjer på leik og innleving: Rå balkantonar slyngast ut mellom nordiske molltonar, jødiske tristessar og italienske partisanersongar.

Publikum vert tekne med på værbitt norsk allsong - og Harald Sæverud havner på 9-takts-kalas hos serbiske sigøynarar. Iblant lar Ole Hamre trommene kvile, og lagar vakker og uhøyrdt musikk på melodika eller sitt eige gryteinstrument Hamrofonen. - Eller tar på seg steppesko! Latteren sit laust når dei to set seg som mål å hente verda heim til Bergen....

Det er Folkemusikkscena på Rauland som arrangerar konserten.

Tysdag 30. september i Årestoga



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.