Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Burgess & Pariselle i Gardjordstoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Burgess & Pariselle i Gardjordstoga

200 år etter at Napoleon fekk så hatten passa i slaget ved Waterloo, utfordrar ein engelskmann og ein franskmann kvarandre til omkamp, denne gongen væpna med kvar sin consertina…slaget står i Gardsjordstoga på Telemarkstunet, Raulandsakademiet tysdag 13. oktober.

Burgess & Pariselle er to femtedelar av det sogeomspunne bandet Five Men in a Boat, den internasjonale kvintetten som nyleg var å oppleve på Folklab-serien til NRK2. Richard Burgess er opphavleg frå Kent, men flytta til Noreg for 40 år sidan etter å ha lese for mange ættesoger. Her har han funne ein nisje som skribent, omsetjar og, ikkje minst, som songar og musikar, med eit repertoar som er innom både engelsk og skandinavisk tradisjonsmusikk. Sjantiar og sjømannsongar er ein spesialitet, og han opptrer både åleine og i ulike bandkonstellasjonar, bl.a. sjantitrioen Foghorn, den anglosvenske trioen Doggerland og folkjazz-sekstetten FatDog.

Samarbeidet med Emmanuel Pariselle tok til med eit tilfeldig møte på ein fransk festival. Emmanuel er ein kjend person i folkemusikkmiljøet på båe sider av den engelske kanalen. Som instrumentalist (på toradar, einradar, consertina og fløyter) har han jobba saman med artistar som Marc Robine, Mairtin O’Connor og gruppa La Bergère, i tillegg til i duoar med Didier Oliver og Christian Maës. Han er óg ein dyktig visediktar og songar med eit enormt repertoar av franske songar, både nye og gamle. Ikkje nok med det, han er ein ettertrakta toradarbyggjar som har hatt stor suksess med sine byggjarkurs fleire stader i Nord-Amerika og Europa – bl.a. på Rauland.

Burgess & Pariselle syng viser på engelsk, fransk, norsk – og gjerne italiensk for den saks skuld. Dei har óg eit allsidig repertoar av instrumentallåtar – frå hjarteskjerande jiddiske lydarslåttar til feiande franske gavottar. Duoen er kjend for sin humoristiske sceneopptreden, der språklege og kulturelle misforståingar ofte får fritt spelerom.

Det er folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten. 

13. oktober 2015

man tir ons tor fre lør søn
   V          


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.