Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Beitohaugen / Ellestad i Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Beitohaugen / Ellestad i Årestoga

Onsdag 28. oktober blir det valdrestakt i Årestoga på Raulandsakademiet. Då kjem to felespelarar i toppklasse; Jan Beitohaugen Granli og Laura Ellestad.

Jan Beitohaugen frå Øystre Slidre skulle vere kjend for dei fleste med sine fem sigrar på Landkappleiken og elles med sitt framifrå dansepel frå kappleikscena og på dansefestar.

Han har hatt m.a. Tore Bolstad, Harald Røine og Olav Jørgen Hegge som læremeistrar og fører vidare ein gamal familietradisjon etter oldefaren Engerbret Beitohaugen og far hans att, Nils. 

Saman med seg denne kvelden har han norsk-kanadiske Laura Ellestad, som i 2014 vart den fyrste amerikanar som kom opp i A-klassa på hardingfele. Ho har hatt Jan som læremeister ved sida Tore Bolstad, Leif Rygg og Håkon Høgemo. Laura, som vaks opp i Calgary i Canada, har fordjupa seg i Valdrestradisjonen gjennom studiar ved Ole Bull-akademiet og Noreg Musikkhøgskule, der ho no tek ein PhD-grad.

Det er folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten.

Onsdag 28. oktober kl. 20.00

Pris 200,- / 100,-

28. oktober 2015

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.