Forside > Aktør > Haukeliseterfestivalen


– Noregs einaste folkemusikkfestival over tregrensa! 17. - 20. juni.

Haukeliseterfestivalen
Vinjevegen 192
3890, Vinje
Telefon: 46 44 30 31
E-post: kjellbituSPAMFILTER@me.com (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Program


Takk for i år!

Takk alle - artistar, friviljuge, kursdeltakarar, seminardeltakarar og publikum som sytte for at Haukeliseterfestivalen 2010 blei ein av dei trivelegaste me har hatt - trass i svært skiftande vér!

Høgdepunkta var mange og den sjuande festivalen har vist at denne smale og særeigne festivalen har livets rett!

Velkomen att neste år -

då blir festivaldatoen 9.- 12. juni - ei helg tidlegare enn i år.

helsing Kjell Bitustøyl - dagleg leiar

Noregs einaste folkemusikkfestival over tregrensa! 17. - 20. juni.

Ei langhelg kvar sommar er Haukeliseter Fjellstove vertskap for ein av dei mest spesielle folkemusikkfestivalane i landet - Haukeliseterfestivalen! Her samlast musikarar, dansarar og andre interesserte til ei helg full av dans, musikk, seminar, god mat og fjellturar.

Aktuelt fra årets festival

Haukeliseterfestivalen i samarbeid med Den norske folkemusikkscena sender ut unge hardingfelespelarar på turne i vest, sør og aust, nærare bestemt Hardanger, Setesdal og Vest-Telemark.

Haukeliseterfestivalen har sterke tradisjonar når det gjeld buskspel - inne og ute, sjølv om det er langt mellom buskane.

Nytt av året på Haukeliseterfestivalen er at to av våre fremste kvedarar, Ingebjørg Harman Bratland og Lajla Renate Buer Storli skal vera syngjande programleiarar under festivalen.

Dei to fyrste konsertane i tilknyting til Haukeliseterfestivalen er alt gjennomførde.


Bookmark and Share