Om oss
Vi er forholdsvis «ferske» og hadde åpning 21.november 2009.
Fra snekkarverkstad til kunstutstilling
Huset vart kjøpt av Ruth Kvålo Dalen i 2003 da det bare var eit «skall» av ein gamal snekkarverkstad.
I 2008 vart vi to eigarar av huset,- Ruth K.Dalen saman med Betania menigheten i Øyfjell.
Ein arena for kunstnerisk utfolding
Visjon og målsetning for huset er å skape ein arena for formidling av seriøs kunstnerisk utfolding, samt skape ein møteplass i bygda og la galleriet brukast til ulike aktiviteter som konserter, utleie til ulike formål, kafé, temakvelder, tilbod for dei unge mm.
Ruth Kvålo Dalen driv Galleriet og har eige atelie i huset, og Betania vil trå til med mykje av den frivillige aktiviteten .
Saman håpar vi å kunne tilby eit breidt og variert tilbod.
Velkomen til utstillingar og arrangement
Vi ynskjer at det skal vere ei hyggeleg oppleving å koma inn og ynskjer alle velkomen til å sjå våre flotte utstillingar og/eller delta på ulike arrangement du måtte finne interessante!