Forside > Aktør > Fantaski


- Aldri meir bakglatte ski!

    Fantaski
    Smia as v/ Arnfinn Hegg
    Surgravvegen 25
    3890 Vinje
    Norge

    Mobil: 41 69 44 02
    Phone: 35 07 12 68
    Email: arnfinn.heggSPAMFILTER@fantaski.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
    Web: www.fantaski.no

    Skiservice

    Wintersteiger slipemaskin


    Lei av bakglatte ski og dårleg glid?

    Fantaski er ein ny type langrennski som gir deg optimal glid og spikerfeste, heilt utan festesmøring!

    Enkelt prinsipp

    Det patenterte prinsippet går ut på å dele skisolen på langs. Ein får då ei glidflate på innersida og ei smal festeflate på yttersida av skia. Glidflata er som på normale ski, medan festeflata har ein strimmel av nylonfell festa til seg. Takka vere ein liten nivåforskjell mellom dei to flatene, kjem festeflata ikkje i kontakt med underlaget når du glir på skia. I fråspraket derimot, legg du vekta litt på utsida av fotsolen, slik at nylonfellen kjem i kontakt med snøen.

    Spikerfeste og optimal glid

    Festeflata med nylonfell sørger for feste i dei brattaste bakkar. Samstundes har Fantaski med sin heilt reine sole stort sett merkbart betre glid enn ski med festesmøring. Sjølv om fordelen med Fantaskia er mindre på ekstreme typar føre, vil det aldri vere ei ulempe å gå på dei. Dette har blitt testa gjennom 20 år, på alle typar føre og distansar.

    Ekte fristil

    Fråveret av festesmøring gjer at du på same par ski kan kombinere klassisk og fristil nett som det passar deg. Ta nokre skøytetak når løypetraséen og dagsformen tillet det, og bytt raskt tilbake til klassisk når du vert sliten. Fantaski gjer ekte fristil mogleg!

    Lita justering

    Fantaski krev ei lita justering i den klassiske teknikken. Erfaring viser at det tek mellom 20 og 50 km å bli vant til denne justeringa. Dei som vil får det til. Du er berre nokre mil unna ei heilt ny skioppleving!

    Fantaski


    Bookmark and Share